Velkomen til Vinje Camping i Geiranger
Vinje Camping ligg idyllisk og roleg til, fint plassert i naturen med fossen på den eine sida og fjell på dei andre. Campingplassen ligg svært sentralt, berre 1,5 km frå Geirangerfjorden og sentrum av Geiranger, der du kan finne daglegvarebutikk, suvenirbutikkar, kafear og restaurantar.
Vinje Camping er eit flott utgangspunkt for fotturar, så vel som alle andre attraksjonar og aktivitetar i Geiranger. Resepsjonen vil vere behjelpeleg med kart både over området og over fotturar, vi svarar gjerne på spørsmål. Campingplassen har ein fin bålplass for alle våre gjestar, og leikeplass for dei yngre. I kiosken har vi eit lite utval av kioskvarer og matvarer, samt ferske rundstykker kvar morgon.
Informasjon og prisar for både camping og hytter finn du under menypunkta øvst på sida.
Avstandstabell
| Frå | Km |
| Valldal | 30 |
| Åndalsnes | 85 |
| Ålesund | 101 |
| Otta | 158 |
| Oslo | 475 |
| Bergen (via Hellesylt) | 368 |
| Trondheim | 323 |